Åmli sokn
Tilgjengeligheitserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

Elektronisk melding

Vi tek i bruk elektronisk melding til dåp, vigsel og konfirmasjon.
Ved å nytte denne vil du kunne sjå dei sundagane det er dåp og sjølv registrere dei aktuelle opplysningane.  Du vil så bli kontakta av kyrkjekontoret. Ved ønske om vigsel kan du legge inn ønsket dato og kyrkje.
Konfirmasjonspåmelding vil vere tilgjengeleg i annonserte periodar.

Nyheter

ÅMLI KYRKJE 100 ÅR

I haust vert Åmli kyrkje 100 år. Vi ønskjer å feire  denne hendinga med fleire arrangement, samt utgje ei jubileumsbok for Åmli kyrkje.
Tid for jubileet er frå fredag 28.august til sundag 6.september.

Program for jubileumshelga:
Veke 35
Fredag 28. august kl.18.00. 
Bokpresentasjon på Elvarheim. Vi samarbeider med Historielaget,  Boknemnda, Mållaget, Bygdekvinnelaget m.a. Her blir det kulturelle innslag. Professor Aasulv Lande og direktør ved Aust-Agder kulturhistoriske senter, Kjell-Olav Masdalen blir med.

 Veke 36
Torsdag 3.september kl.19.00.
Karsten Isachsen vitjar Åmli kyrkje med talen:
”Jeg tror på gledens Gud”

 Fredag 4. september kl.19.00.    
”Det ukristelege slitet”. Historisk oppsetning i Åmli kyrkje med framføring av livet til ei jente frå Vest-Agder som kom til Åmli med barnevandringane og sidan blei her. Vi følgjer ho gjennom hundreåret til vi er tett ved vår eigen tid. Vi har m.a. med oss Åmli Teaterlag, Prosjektkoret, orkester og born frå Åmli skule.

 Laurdag 5. september kl.17.00
”Det ukristelege slitet”. Historisk oppsetning i Åmli kyrkje med Åmli Teaterlag, Prosjektkoret, orkester og born frå Åmli skule.

 Sundag 6. september kl.11.00.  
Jubileumsgudsteneste med biskop Olav Skjevesland og prost Ole -Jacob Modalsli, og så mange tidlegare prestar og klokkarar og andre tilsette som vi får tak i. Simonstad Sangkor blir med. Denne dagen skal vi også be for nybygginga i kyrkja og for den nye messehakelen.

 Det blir stor ”festkyrkjekaffi” etter gudstenesta.

 

Publisert av: Liv Eikås-Homme den 10-07-2009
KALENDER

onsdag 8 mai
ÅPOS
torsdag 9 mai
Hovdefjell

Lenker

Kontaktinfo

Åmli sokn

4865 ÅMLI
Tlf.   90 71 73 40
Mob: 94 16 30 84 (kirkeverge)

amli.kyrkje@amli.kommune.no

LITT AV KVART

Her finn du oss:

Åmli kyrkjelege fellesråd

Gjøvdal kyrkje

Tovdal kyrkje

Åmli kyrkje

http://www.amli.kirken.no/img/./sos-krisetelefon-stor.png

 


 

http://www.amli.kirken.no/img/./VideoFraOven.PNG

Åmli kyrkje frå ein ny vinkel!

Sjå video laga av Svein Mortensen

 


http://www.amli.kirken.no/img/11_07_14_Grafiske_element/Daapsklubben_TrippTrapp_logo.jpg

http://www.amli.kirken.no/img/11_07_14_Grafiske_element/IKO-logo.jpg