Interiøret i Åmli kyrkje



Åmli kyrkje innvendig - Midtgang og alter

Åmli kyrkje er lys og fin innvendig, med mange fine detaljer.



Åmli kyrkje innvendig - Altertavle

Alteret er kledd med raud fløyel til minne om Jesu blod som rann for vår skuld.
Den kvite duken symboliserar kor reine vi alle er når synda vert tilgjeven for vår skuld. Ljos på alteret symboliserar at Gud er verdas ljos, og blomane skal vise vår takksemd til Gud for alt Han gav oss i skaparverket.
3-arma ljosestake, symbol på treeininga; Faderen, Sonen og Den heilage ande.
Kalken som er frå byrjinga av 1700-talet, har inskripsjonen K.E.J.N.R.J. som tyder:
KYRIE ELEISON JESUS NAZARENUS REX JUDAEORUM -som vert oversett med: Herre miskunne meg, Jesus frå Nazaret, konge over jødane.




Åmli kyrkje innvendig - Altertavle bilde

Altertavla er måla av P.Peterson i 1840-åra, og er ei gåve frå Jacob Aall. Den vart flytta frå den gamle kyrkja, og seinare redda ut frå brannen i 1907.
Motivet er kvinnene som kom for å salve Jesus påskemorgon, og fann grava tom. Engelens bodskap "Han er oppstanden" er måla nedst på tavla.
Rundt altertavla er der skåren ut liljer som symbol på reinleik, og på toppen er der samla 3 liljer, igjen eit symbol på treeininga.




Åmli kyrkje innvendig - Døpefont

Døypefonten, som er i kleberstein, er ei gåve frå Eidsvoll-mannen Nicolai Aall. Den er 8-kanta til minne om dei 8 som kom velberga gjennom syndefloden. Peter seier: "Dåpen er som ein Noas Ark i den nye pakta, den berga oss frå undergang". Messingfatet er frå 1600-talet.



Åmli kyrkje innvendig - Evighetshjul

Utsmykkinga i taket viser Ævehjulet, med ranker av grøne blad. Livets tre - vintreet som er eit bilde på kyrkjelyden, der vi alle høyar til.



Åmli kyrkje innvendig - Utgang og galleri

Straumen vart lagt inn i 1956, og ljosekronene er ei gåve frå Bondekvinnelaget.

Kyrkja vart pussa opp i 1959 til 50-års jubileet. Det gjekk med 200 kilo kitt for å tette sprekkar. Og det var berre inne i kyrkja!