Åmli sokn
Tilgjengeligheitserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

Elektronisk melding

Vi tek i bruk elektronisk melding til dåp, vigsel og konfirmasjon.
Ved å nytte denne vil du kunne sjå dei sundagane det er dåp og sjølv registrere dei aktuelle opplysningane.  Du vil så bli kontakta av kyrkjekontoret. Ved ønske om vigsel kan du legge inn ønsket dato og kyrkje.
Konfirmasjonspåmelding vil vere tilgjengeleg i annonserte periodar.

Blad nr 2 3 2007

 

     Nr. 2

 

                    

     Jula  2007

 

 

  

         55. årg.

 


           God jul!

 


 

Nå er den hellige time

Vi står i stjerneskinn

Og hører klokkene kime

Nå ringes julen inn

 

 

 Englene synger høyt i kor

Synger om fred på vår jord

Verden var aldri helt forlatt

En stjerne skinner i natt

En nyfødt kjærlighet sover

Nå er Guds himmel nær

Vår lange vandring er over

Stjernen har stanset her

 

Se, himlen ligger og hviler

På jordens gule strå

Vi står rundt krybben og smiler

For vi er fremme nå

 

                                            Her kan vi drømme om den fred

                                            Som vi skal eie en gang

                                            For dette barn har himlen med

                                            Og jorden fylles med sang

 

 

























Tankar frå presten

 

Tidlegare i haust var eg svært så oppglødd og optimistisk, sommaren hadde styrka både kropp og sinn, trass i mange gråe dagar. Eg hadde vitja Skrivargarden i Herefoss og høyrt på presten og forfattaren Karsten Isachsen. Han tala så vent om glede og positive tankar. Det formeleg yrte av gode poeng og ljose vinklingar på livet og døden i kåseriet hans. "Dette skal eg ta med meg til talarstolen i Åmli", tenkte eg, "vi treng å sjå etter lyspunkta i livet og i Gudstrua vår!"  Som tenkt så gjort, eg spreidde ljoset ved mange gode høve, og det var godt å tale om.

Men tida går mot jul, dagane er allereie korte, og sola stig motviljug over trea i Tveitheia. Snart ser vi ho ikkje på prestegarden, og det er lenge til ho kjem att. Då er det nesten vår og Krokustid. Kva skal eg gjere i mellomtida tru, i tunge vintermånader? Det er ikkje like greitt å sjå lyspunkta no.

Eg kjem visst ikkje unna at noko blir mørkt og tungt for dei fleste av oss, sjølv om det nærmar seg advent og jul, og snøen enno kan leggje seg til glede for dei fleste. Eg skal ikkje seie at alle lyspunkta er borte, men det sit langt inne å finne dei når den daglege tralten krev sitt og  nokre gonger meir enn det og. Vi veit jo at livet er slik, det krev oss av og til for overskot og krefter. Det er ikkje farleg å bli trøytt og mod, ikkje unormalt eingong. For ikkje å snakke om når det kjem sjukdom eller ulykker, det kan vere ei tung strid og tære på alt vi har av lyspunkt i livet. Likevel ville det vel nesten vore unormalt om vi ikkje fekk dei vonde dagane ein eller annan gong.

I juletida talar vi ofte om at Jesus blei født inn i ei "mørk verd". Det er ikkje vanskeleg å skjøne på våre traktar langt mot nord. Han kom til dei som kjende til sjukdom, ulykker og mismot, og han vende seg til den einskilde:  Korleis har du det, er det mørkt? Eg bringer med meg ljoset frå Himmelen. Vil du ta imot det? Gode og sanne lyspunkt i livet kan vi leve lenge på, og vi treng dei i kvardagen. Men dei kan ikkje samanliknast med ljoset frå Betlehem julenatta. Det lyser for heile verda til alle tider og gjev tru og håp om ein nådig og kjærleg Gud som opnar Himmelen for oss. Kjenslene våre skiftar med korleis livet ter seg, trua på Jesus held, alltid.

          
                                                            Med helsing Steinar prest

 

 




Heider til Bjørg

 

Bjørg Kleivene har vore søndagsskulelærar i Åmli i snart 50 år. Heilt sidan ho kom til Åmli på slutten av 50–talet, har ho trufast stilt opp på Bedehuset om søndagane. Det har vore fyring og førebuing til timen. Ho har gjort ei bragd til å rope hurra for.  Drivkrafta har vore at born må lære kva som er Guds gode vilje med oss. Og hennar kjærleik til born og unge er stor. Søndag 9. september var Søndagsskulens dag. Då vart Bjørg takka i kyrkja, og ho fekk eit trefat som symbolsk takk. Arvtakarane hennar er Signe Riisland og medhjelparar. Vi oppmodar deg til å sende borna på søndagsskulen.

 

 

 

 




PÅSKEVANDRING

 

I tida før påske hadde vi 9 påskevandringar i Åmli kyrkje, og igjen såg det ut til at borna sette stor pris på reisa attende til Jerusalem for 2000 år sidan. Normisjon i Åmli hadde også dette året tatt på seg å skape kulissar frå Jesu siste dagar. Det er ei sterk kjensle av høgtid når ein møter dei kjende stadene frå lidingshistoria til Jesus: Nattverdssalen der Jesus vaska føtene til læresveinane, Getsemane, borga til Kaifas, tronstolen til Pilatus, Golgata og grava til Jesus. Som mykje anna av det vi gjer i Åmli, er dette minst på høgde med slik dei gjer i mange andre kyrkjer før påske. Ein stor takk igjen til eldsjelene  i Normisjon! 

Eit anna viktig kjenneteikn ved påskevandringane er det høvet borna har til å nytte kostyme og spele med i historia. Det yrer med soldatar og læresveinar og kvinner ved grava. For kvar gruppe som vitja spelet, var det friviljuge som hjelpte med det praktiske opplegget. Tusen takk til dei og! På Palmesundagen spela vi med sundagsskulen og for kvarandre i kyrkjelyden. Det er ei sterk og oppløftande innleiing på Påskefeiringa.

 

Påskevandringane er først og fremst eit tilbod til barneskulen. Ein kan gjere noko liknande i U–skulen, men det har vi ikkje gjort i Åmli. Planane i skulen legg vekt på at borna skal lære om det norske samfunnet og lokalkulturen. Enno er påska og kyrkjetradisjonane våre så viktige for mange at vi med stort frimot tilbyd skulane hjelp til å lære om dei kristne høgtidene. Vi gjer ikkje dette kvart år, men eg vonar at vi tar det opp att når det er tid for det. Med gode hjelparar og ei flott pynta kyrkje som ramme, er det ein fest å vere prest i slike periodar.



                                                                                                                      Steinar

 




Simonstad Sangkor har 10–årsjubileum i år!

 

Simonstad Sangkor starta verksemda med ein liten flokk optimistiske songarar i mai 1997, og sidan har det vore ein formidabel vekst både i koret og i aktivitetane. Tore Konnestad har vore musikalsk leiar og inspirator frå første tone, og han kan gle seg over at koret etter kvart er kjend og etterspurd over heile Sørlandet. Det kan ikkje vere så galt å seie at koret er ein av dei beste ambassadørane for Åmli kommune. Sjølv om dei oftast syng på kristelege samlingar, basarar og møte, har dei eit variert program, og ein smittande glede og  humor. Dessutan syng dei på ymse andre samlingar også, for dei har eit utal av "lette" songar. Koret er og kjend for verdsrekord i synging, fleire CD–ar og praktiske "stunt", som 1815 islykter i Åmli under vinterfestivalen.

 

I byrjinga var det nok nokon som ikkje heilt trudde at det kunne kome eit heilt kor frå Simonstad, og det er vel litt rett, for koret samlar songarar frå eit stort distrikt. Likevel er det dei lokale som er sjølve kjernen i koret, og dei er viktige både for songen, miljøet og det praktiske arbeidet søm høyrer med eit stort kor. Tore sluttar aldri å understreke at miljøet, samkjensla og venskapen skal vere det aller viktigaste, koret skal vere noko positivt og triveleg for dei som er med. Det trengs ikkje stemmeprøver for å bli medlem, men ein må ønskje å dele av seg sjølv med andre, og tåle at alle ikkje er like. Den som høyer og ser koret merkar den gode anden som følgjer med det.

I sommar blei koret takka med rosemåla fat og gode ord på Pinsegudstenesta i Åmli kyrkje, og i starten av desember skal dei feire seg sjølv med stor fest på Pan. Då kjem ordføraren, sjølvsagt, og han har nok mange gode ord på lager. Det fortener dei verkeleg!

 

 

 




Kvinnestemne i Tovdal 9. juni

 

I salme 133 står om den gleda det er når "brør" bur fredeleg saman. Vi kan vel snøgt leggje til at det også må gjelde for "systrer". Kvinnestemne har det vore i alle år, men i Tovdal har det ikkje vore noko slikt på lenge. Då var det særs gledeleg at Anne Tveit (86) i Tovdal tok på seg å samle folk på Brustad grendehus i juni. Tidlegare misjonær Helena Trydal blei kalla inn til å vere hovudtalar, Åmlikvartetten skulle syngje og presten i Åmli skulle innleie til samtale. Dessutan var det ei ivrig gruppe kvinner som tok seg av mat og det praktiske.

 

Det siste blei ganske hektisk, for det kom mykje folk, nærare 50 kvinner, og nokre få menn. Likevel blei alle meir enn mette med nydelege smørbrød og kaker. God mat og kaffi høyrer med på eit slikt stemne, og alle stemnedeltakarane var særs nøgde.

Helena Trydal tala inspirerande om misjon og evangelisering. Steinar Nordlie innleia om frimod og tryggleik til å finne plassen sin i tenesta for Gud, og han streka under kor viktig det er å vite at ein er verdfull og bra nok i tenesta. Det blei tid til samtale, og her blei det også minna om korleis Gud har skapt oss forskjellige slik at vi utfyller kvarandre i tenesta: Vi er mange lemer på den same lekamen, og alle er nyttige og naudsynte.

 

Åmlikvartetten spela og song så stemninga var stor. Eit slikt stemne freistar til gjentaking, og utfordringa blei gitt av Anne mot slutten: Er det nokon som vil arrangere stemne ein annan stad i kommunen til neste år? Vi veit ikkje det enno, men det blir nok! Takk igjen til dei som gjorde denne samlinga muleg!

                                                                                                         stno
 

 




Helsing frå Åmli speidargruppe

 

Dette stykket skreiv nokre speidarar til påskenummeret, men så rota redaktøren vekk teksten. No har dei skrive det på nytt for oss, og det er vi takksame for.

 

SPEIDERGRUPPA VÅR

Vi i Åmli speidergruppe har 24 speidere til sammen. Stifinnere og Vandrere er 14 personer, mens Småspeiderne er 10. Og vi har ca. 6 ledere til sammen.

Vi i Åmli speidergruppe drar på turer (leirer), og det er veldig gøy. Vi har som regel speidermøte annenhver onsdag. Der gjør vi mange ting: Lærer knuter, lærer om kart og kompass, lærer om naturen, synger speidersanger og ofte er vi ute med forskjellige aktiviteter.

 

På leirer får vi opplevelser og nye venner. Noen leirer er for speidere fra Aust–Agder, men andre er for speidere fra hele Norge og til med fra andre land i verden. Vi liker å klare oss selv og bygge kjøkken og ildsted og behagelige sitteplasser av tauverk og stokker. Når vi er på leir drar vi også gjerne ut på en villmarkstur. Det er spennende, men ganske slitsomt.

 

Det som er litt moro er at vi lærer Speiderbøna veldig annerledes enn mange av de andre. Det merker vi når vi er på leir sammen. Her er den bønnen vi ber:

Kjære far i høge himmel, høyr mi stille hjartebøn.
Kvar eg enn i verda vankar, lat meg bli som sonen din.
lat meg leva deg til æra, heidra Noreg, far og mor
andre folk til hjelp få vera, og så lyda lova vår.

 

Speiderne har sine egne lover, her er de:

1. Ein speidar er open for Gud og hans ord.

2. Ein speidar kjenner ansvar for seg sjølv og andre.

3. Ein speidar er hjelpsam og viser omsyn.

4. Ein speidar er ein god ven

5. Ein speidar er ærleg og til å lite på.

6. Ein speidar kjenner naturen og vernar om han.

7. Ein speidar er sjølvstendig i det han tenkjer og gjer og prøver å forstå

    andre.

8.Ein speidar gjer sitt beste i motgang og vanskar.

9. Ein speidar er nøysam og prøver å greie seg sjølv.

10.Ein speidar arbeider for fred og forståing mellom menneske.

 

Beste hilsen   Julia, Eirin og Anne Lene

 

 

 




10–ÅRSJUBILEUM FOR DØLEMO MISJONSHUS

 

I haust har Misjonshuset på Dølemo feira 10–årsjubileum. Først var det jubileumsfest på Dølemoklubben i slutten av september med masse born og vaksne, og så var det fest for dei vaksne 2. november.  Det er ikkje heilt rett, for dei litt eldre borna og hjelpeleiarane i Dølemoklubben laga mat og serverte på det aller beste vis. Marit Kleivene var henta inn som "mentor" for dei unge, og ho gjorde ein flott jobb.

 

Denne dagen kom det mange gjester, og det var helsingar og gåver frå ordførar Tellef Olstad, andre NLM – foreiningar og Åmli kyrkjelyd. Ordføraren roste både bygginga av huset og ikkje minst alle dei gode aktivitetane som går føre seg der. Tarjei Johansen heldt eit lite foredrag om korleis det verkeleg gjekk til då huset blei reist. Ein kan nesten kalle det unikt at dette flotte misjonshuset blei til i eit nært samarbeid mellom kommunen, skulen og den lokale foreininga på Dølemo. Skulen trong plass til 6–årsreforma, og nybygget gjekk naturleg inn i desse planane. Det blei mye moro då Aslak synte videoopptak frå riving av eit gamalt uthus og bygginga av huset. Både unge og gamle endrar seg mykje på 10 år. Det som ikkje har endra seg, er dugnadsanden på Dølemo og inspirasjonen til dei som driv arbeidet. Siv Turid og Aslak Eppeland har vore drivande frontfigurar, men dei trekte og fram og gav blomar til alle dei som har jobba trufast saman med dei gjennom åra. (Sjå biletet!) Det er fint å sjå korleis kristeleg arbeid kan bløme når alle får vere med og bruke sine nådegåver.  


Krinssekretær Jakob Hånes var sjølvsagt ein viktig person på festen. Han helsa frå Misjonsambandet og kretsen og gratulerte. Krinssekretæren tala om å " sjå etter dei gamle merkesteinane". Han sette jubileet inn i ei fin Bibelsk ramme med mange gode ord frå Skrifta, men og med aktuelle døme og ein lun humor. Forkynninga har sin sentrale og gode plass under slike markeringar.

 



Utpå kvelden var det ein mett og takknemleg flokk som esla seg på heimveg. Det er moro med jubileum, og det er inspirerande å få møte

eit arbeid som slett ikkje er tynga av åra. Det blir spennande å sjå korleis arbeidet utviklar seg i tida som kjem. No får vi berre takke Gud for hjelpa og velsigninga som han har aust så rikeleg over huset og alle dei som brukar det.

St.No

 

 




 

 SALMESTAFETTEN

 

Store, store Gud er ei salme eg hugsar svært godt. Den er å finne på ei LP–plate (Pilgrimens Sangbog) som Kirkelig Kulturverksted gav ut i 1982 med Sondre Bratland.
Eg har vore mykje med i folkemusikkmiljøet og hugsar godt ein gong det  skulle vere kyrkjekonsert. Det var Landskappleik, og ein fin sommarkveld. Heile kyrkja var full. Sondre Bratland stod der i sin mørke Telemarksbunad. Med seg hadde han bl.a. Iver Kleive på orgel. Konserten tok til, og den varme og klare røysta til Bratland fylte rommet. Alle fall til ro, og det var heilt stille. Me fekk høyre mange vakre folketonar og salmar, og det vart ei minnerik  stund for oss alle. Likevel var det ei salme som peika seg ut for meg. Store, store Gud har ein vakker melodi, det er ein gamal folketone.


Teksten la eg og merke til, den er skriven av Tor Ullsvik i 1930.

 

Store, store Gud! Kven kan deg forstå

Underleg er vegen som du fører dine                                                    på.

Men om vegen titt vert trong.

Eg fram til målet ser.

Den fagre, fagre himmelheim.

Tenk snart så er eg der!

 

Store, store Gud, som oss livet gav.

Sjå det liknar vesle blom som snart lyt

                                             falle av

Sjå det visna må og døy.

Det livets lagnad er.

Men bakom dødens skuggeland.

Eg himmelheimen ser.

 

Store, store Gud, takk for denne von.

Takk for all din kjærleik og for frelsa

                                     ved din Son!

Du meg fann i ungdoms år.

Du kalla meg ved namn.

Du vil og sikkert føra meg.

Til himlens lyse hamn.

 

Jesus, løys meg meir frå kvart
                         band som bind!
Vert mi livsstrid tung, så lat meg                          sjå i himlen inn!

Og lat vona verta sterk.

Så gjennom tåreglans.

Eg skoda kan min himmelheim.

Mi krona og min krans.

 

Svikefulle verd! Du bind mange                                            fast Mang ein gjekk her vonfull glad,                 men vonene dei brast.

Takk då, takk, min Frelsar kjær!

Eg nå til deg er fest.

Med blodets sterke band, og då

Mi livsvon aldri brest.

 

 

Helsing Rune Nylund som utfordrar Kurt–Tore Aas



 


KALENDER

onsdag 24 april
ÅPOS
Åmli kyrkje

Lenker

Kontaktinfo

Åmli sokn

4865 ÅMLI
Tlf.   90 71 73 40
Mob: 94 16 30 84 (kirkeverge)

amli.kyrkje@amli.kommune.no

LITT AV KVART

Her finn du oss:

Åmli kyrkjelege fellesråd

Gjøvdal kyrkje

Tovdal kyrkje

Åmli kyrkje

http://www.amli.kirken.no/img/./sos-krisetelefon-stor.png

 


 

http://www.amli.kirken.no/img/./VideoFraOven.PNG

Åmli kyrkje frå ein ny vinkel!

Sjå video laga av Svein Mortensen

 


http://www.amli.kirken.no/img/11_07_14_Grafiske_element/Daapsklubben_TrippTrapp_logo.jpg

http://www.amli.kirken.no/img/11_07_14_Grafiske_element/IKO-logo.jpg